søk
Du er her Du er her: forsida/   Aktuelt / Kronikker og ko... / Tankar etter eit bondemøte
 

Tankar etter eit bondemøte

29.11.2011

Av
Gjermund Haga, statsviter HiNT og bonde

Den 10.11. heldt Inderøy Bondelag debattmøte på Røra Samfunnshus. Svenn Arne Lie var hovudinnleiar og trekkplaster, elles satt Trine Hasvang Vaag, styremedlem i Norges Bondelag i panel saman med underskrivne. Møtet var svært godt besøkt.

Det tener Inderøy Bondelag til ære at dei inviterer såpass sterke kritikarar av dagens politikk, som Lie og meg sjølv. For ein kritikk av dagens politikk vil også råke Bondelaget.

Det er ingen tvil om at Lie sin skarpe kritikk av resultata av jordbruksavtalane fell i god jord hos møtelyden. Artiklane hans bl.a. i Trønderavisa er lest av svært mange. Lie viser at systemet ikkje verkar til bondens fordel. Det blir ikkje betre inntekter, vi blir meir avhengig av importerte fôrmidlar, og store bønder, er meir avhengig av statsbudsjettet enn nokon gong. Politikken fører til rask nedlegging av aktive bruk med alle dei negative konsekvensar dette får. Nedleggingstakten er raskare enn sjøl liberalistar har foreskrivi. Vi er her ved ei merkeleg side ved jordbrukspolitikken. Opinionen trur at dei årlege tingingane om prisar og subsidiar har som mål å ta vare på dagens jordbruk, slik at vi også i framtida skal ha mange aktive bruk. Ja, ikkje berre den passive opinionen trur dette; langt inn på Stortinget er dette oppfatningen. Men slik er det ikkje.

Staten si line er å redusere talet på aktive bønder, politikken må demotivere slik at tilstrekkeleg mange sluttar slik at naboar eller andre kan ta over jorda. Juridiske og økonomiske verkemidlar spelar saman for å få dette til. Dei juridiske verkemidla er svært sterke: selskap i staden for familiebruk, samdrifter ( ofte fingerte), høge konsesjonsgrenser, melkebørs samt kvoteleige, 10 års jordleigekontratkar, odelslov med vid krins av rettshavarar, noe som gjer at dei ekte interesserte ikkje får tak i gard. I sum driv desse verkemidla fram ein veldig konsentrasjon av produksjonen på færre bruk.

Dei økonomiske verkemidla verkar i same lei, sidan avpaltepartane dei siste 20 år har fjerna det aller meste av strukturverknad. Det meste av tilskott går no til alle som driv over ein viss storleik. Glømt er filosofien om utjamning av naturgitte produksjonsforhold. I dag er det slik at dei største og mest lettdrivne gardane får mest frå staten (vi snakkar om sjusifra beløp) i tillegg til at dei sjølsagt oppnår mykje meir i marknaden på grunn av store volum. I møtet på Røra kallar eg dette å kaste subsidiar etter stordriftene. Denne politikken blir ein drivar av gardsnedlegginga, fordi det set dei store gardane i stand til å investere i stadig meir arbeidssparande teknologi, subsidiert av staten. Deretter står Brekk og andre fram og viser til at bruksnedlegging er naturgitt følgje av teknologisk utvikling.

Dei som staten velsignar på denne måten, kan med nyinvesteringane rekke over stadig større areal og besetningar. Entreprenørane baserer seg på dette. Når så nokon viser fram nye maskiner, da vil resten gjerne ha det same, vi får ein evig rundans for å kjøpe nytt og betre utstyr; dette presser inntektene effektivt ned. Ofte er det tale om utstyr som ein normal gard ikkje treng, eller det er utstyr som ikkje høver agronomisk/arronderingsmessig. Så godt som all innovasjon er stordriftsretta, mens det vi treng er teknologisk innovasjon for norske familiebruk. Eg tek derfor til orde for at vi treng eit samla tak på overføringar pr. bruk, slik at subisidiane blir meir teknologinøytrale. Dette er eit gammalt krav frå Småbrukarlaget, og som Finn T. Isaksen støtta i 1984. Det er eit rettferdskrav. EU-kommisjonen har gjort framlegg om ”tak” i samband med revisjon av jordbrukspolitikken.

Alle dei nemnde verkemiddel kan endrast politisk. Det er mi røynsle etter å ha arbeidd på ulike måtar med jordbrukspolitikken sidan 1975, at han er styrd frå statleg byråkrati, særleg Finansdepartementet. I ein oljeøkonomi vil det alltid mangle arbeidskraft, og økonomane meiner at bønder gjer meir nytte for seg i andre yrke; dei meiner det same i dag som for 35 år sidan. Øydelegginga av bygdene våre er styrt av økonomiske dogme. Eg trur ikkje det vil komme særleg meir pengar frå staten med dagens jordbruksavtale, og rommet for å auke prisane er avgrensa av prisnivået i våre naboland. Men frå ein bygdesynstad bør det heller ikkje komme meir pengar utan at politikken blir lagt om; meir pengar no vil akselerere bruksavgangen. I denne situasjonen meiner eg at verkemiddelbruken må omleggast, dette kan gje grunnlag for ei ”allmenngjering” av politikkfeltet som inneber at også den urbane befolkning ser nytte av jordbruksavtalen. Slik kan det skapast eit politisk grunnlag som gjer det realistisk å tru på auka overføringar.

Møtet på Røra viste etter mitt syn at Bondelaget ikkje har idear til ei omlegging av jordbrukspolitikken. Dette faglaget vil vidareføre dagens inntektsmål, erfaring viser at det undergrev eksistensen til vanlege bønder. Inntektsmålet er moge for skraphaugen. Samanlikning mellom lønsmottakarar og bønder som private næringsdrivande er sakleg sett svært problematisk. På 80-talet var eg med i forhandlingane da ein opererte med effektivetsnormer og eit dusin levekårsfaktorar for å finne fram til eit omforeina samanlikningsgrunnlag. Det verka ikkje, og vart forkasta. For faglaga var det særleg problematisk at systemet klargjorde at det berre var ein liten del av bøndene som var tiltenkt jamstelling.

Det er ein illusjon å tru at bonden kan oppnå jamstelling time for time, eller årsverk. Men det er fullt muleg å få til ei brukabar årsinntekt; mange greier det. Men internt i næringa har denne form for samanlikning ført til at mange har fått på hjernen samanlikning med lønnsmotakarar. Det fører til mismot når tala viser store avvik. Det blir så altfor mykje klaging. I pressa ser vi at det snakkes om lønn til gardbrukarane istaden for det korrekte, som er inntekter. Private næringsdrivande kan ikkje rekne på timar i arbeid; ein må bruke den tid som trengst for å få jobben skikkeleg gjort, anten ein er bonde, lastebileigar eller butikkeigar. Jordbruksavtalen kan aldri bli noko anna enn ei ramme med muligheter, som det blir opp til kvar av oss å realisere på eigen gard. Å halde kostnadene nede er like viktig som å auke inntektene. Nettoen tel. Mykje kan gjerast ved å gå på kostnadsjakt, og ved å styre unna lettvinte, men dyre investeringar.


Det er avgjerande for framtida til bygdene å diskutere omlegging av jordbruksavtalen. Sjur Spildo Prestegard tok doktorgrad på verkemiddelbruken (1992), og eg stør meg på hans framlegg. Utgangspunktert er kva jordbrukspolitikk som gjev næringa best legimitet i folket. Svaret er kva for kollektive gode som folk flest etterspør, og er villige til å betale for. Desse er:

  • matvareberedskap, dyrka jord må haldast i hevd over heile landet, det må sikrast nok kunnskap om jordbruksdrift hos tilstrekkeleg mange; her ligg eit mål om produksjon
  • miljø- og ressursvern: ein langsiktig produksjon som vernar om mijøet i vid forstand, og med høgt etisk nivå
  • busetting og drift over heile landet, også i næringssvake strøk
  • kulturlandskap, det fysiske landskapet som karakteriserer vårt land, og som pregar identiteten til folket

Dagens politikk sviktar på alle desse felt. Vi veit at Riksrevisjonen i 2009 slakta jordbrukspolitikken nett fordi han ikkje leverer på desse måla, og dermed ikkje gjev folk dei kollektive godene. For det er slik at ei rad meiningsmålingar over år viser at folk er positiv til jordbruket, gitt at næringa leverer kollektive gode. Det må derfor vere i faglaga sin interesse å meisle ut ein verkemiddelbruk som gjer at desse måla kan nåast på ein betre måte; her lig potensiale for sterke alliansar med forbrukarane. Dersom betalingsviljen aukar, gjev dette grunnlag for betre økonomiske rammer. Prestegard skisserte eit mykje enklare verkemiddelsystem, der tiltak vart målretta tydeleg inn mot dei kollektive godene. Dette ville ha den gunstige effekten at jordbruksforhandlingane blir interessante for folk flest, journalistar kan få fram i kva grad ein avtale er eigna til å nå kollektive mål, altså ei allmenngjering av politikkfeltet. Noko av problemet med dagens avtalesystem er at det verkar sekterisk, det handlar om tal, løn og inntekter. Kan ein vente at folk blir positivt innstillt dersom inntrykket er at forhandlingane kun handlar om inntektene til bøndene, mens dei med eigne auge ser at traktorane blir større og bygdene forfell?

Tida er ovmogen for å konkretisere dei måla som handlar om kollektive goder. Dersom Budsjettnemnda for jorbruket som førebur tala til forhandlingane, og som rår over store ressursar, fekk i oppdrag å utgreie korleis desse måla skal trekkast inn i forhandlingane, så ville dei kunne gjere det. Staten ved byråkratiet ønskjer ikkje dette, fordi det vil kunne føre til eit jordbruk som krev meir arbeidskraft.

Men det kan ikkje understrekast stert nok at jordbruket er ei politisk styrd næring, spørsmåla er av langsiktig nasjonal interesse, og må løftast ut i det politiske rommet i størst muleg grad. For dei to faglaga dreier det seg om to alternativ: anten vidareføre dagens politikk, i ein gisselfunksjon: viss fagorganisasjonane signerer avtalar med staten som effektivt undergrev eigne medlemmer, ja da sviktar dei sjølve essensen i fagleg prinsipp. Alternativt kan laga krevje allmenngjering av politikken, stopp i strukturrasjonaliseringa for å realisere kollektive gode; ein jordbruksavtale som femner alle medlemmer.

 
 
Postadresse:

Høgskolen i Nord-Trøndelag
Postboks 2501
NO-7729 STEINKJER
t (+47) 74 11 20 00
p postmottak@hint.no
Org.nr. 971 575 905