søk
Du er her Du er her: forsida/   Aktuelt / Nyheter / Bli student i utlandet!
 

Nyheter

Bli student i utlandet!

26.08.2010


Bli student i utlandet!

MINNE FOR LIVET: Som student ved HiNT har du mange muligheiter til å få praksisopphald i utlandet, som til dømes i Thailand (foto: Tonje Kristoffersen).

- Grip sjansen og gje deg sjølv ei oppleving for livet. Det seier Tonje Kristoffersen, som i fjor hadde praksisopphald i Thailand.

Av Bjørnar Olav Leknes <bjornar.leknesSPAMFILTER@hint.no>

Som student ved Høgskolen i Nord-Trøndelag har du mange muligheiter for å ta delar av studiet i utlandet. Muligheitene omfattar alt frå praksisopphald til mastergradsstudiar i samarbeid med utanlandske lærestadar.

Tonje i Thailand

Tonje Kristoffersen hadde eit fantastisk praksisopphald i Thailand (foto: privat)

Tonje Kristoffersen hadde eit fantastisk praksisopphald i Thailand (foto: privat)

Ei av dei som har gripe denne muligheita, er Tonje Kristoffersen frå Melbu i Vesterålen. I fjor haust reiste ho til Thailand saman med fem andre studentar frå førskolelærarutdanninga.

- Opplevinga var heilt utruleg, seier 24-åringen, som i dag er masterstudent i Trondheim. – Vi reiste til ein liten landsby utanfor Sanklaburi, kor vi budde på ein barneheim 24 timar i døgnet. Opphaldet har gjeve meg eit nytt perspektiv på livet, som eg aldri ville ha vore forutan, seier ho.

Internasjonal dag

Neste veke er det internasjonal veke ved HiNT, ei veke som har til hensikt å sette spesielt fokus på betydinga av internasjonalisering, fagleg og personleg, som menneskje på ein verdsomspennande klode. – Muligheiter for studentmobilitet er ei viktig side ved dette, seier prorektor Grethe B. Næss, som har ansvar for arbeidet med internasjonalisering ved høgskolen.

- I samanheng med internasjonal veke, arrangeras det ein eigen internasjonal dag ved alle våre campus. Dei som synes det å studere i utlandet høyrast spanande ut, bør nytte dette høvet til å få både informasjon og inspirasjon, seier Bøgh Næss, og legg til at slike tilbod vert opplevd som veldig positivt av studentane.

Sanningsvitnar på podiet

Internasjonal dag

Grethe B. Næss (t.v.) og Gro Talleraas vonar mange studentar kjem til internasjonal dag (foto: Bjørnar Leknes).

Høgskolelektor Gro Talleraas kan ikkje være meir einig. Ho er programansvarleg for arrangementet i Steinkjer, og kan fortelje om ein innhaldsrik dag.

– Vi vil forsøkje å synleggjere viktigheita av utlandsutveksling og kva for muligheiter slik erfaring kan gje. Blant anna gjennom at våre norske og utanlandske studentar sjølv får fortelje om erfaringane frå sine opphald, seier Talleraas.

Satsar på internasjonalisering

Internasjonalisering er eit satsingsområde ved HiNT, som allereie har fleire samarbeidsavtalar på plass over heile verda. – Men vi har mykje å gå på, og potensialet er stort, seier Bøgh Næss.

Internasjonal dag vert arrangert i Levanger tysdag 31.august, og i Namsos, Steinkjer og Stjørdal onsdag 1.september.

 
 
Postadresse:

Høgskolen i Nord-Trøndelag
Postboks 2501
NO-7729 STEINKJER
t (+47) 74 11 20 00
p postmottak@hint.no
Org.nr. 971 575 905