26.10.2010
Frå Cuba til HiNT: Interactivo kjem til HiNT 2.november, og forventningane er skyhøge (illustrasjon: Nelson Ponce Sánchez).
I november kjem det cubanske bandkollektivet Interactivo til Noreg for å snu norske lokalsamfunn på hovudet! Men først skal dei gje musikkstudentane ved HiNT ei solid vitamininnsprøyting.
Av Bjørnar Olav Leknes <bjornar.leknesSPAMFILTER@hint.no>
Tysdag 2.november vert det cubanske rytmar på Røstad. Då kjem fusionbandet Interactivo til HiNT for å ha workshop med alle musikkstudentane.
- Å få Interactivo hit er rett og slett eit scoop! Her snakkar vi om topp internasjonale artistar, fortel ein opprømt studieleiar i musikk, Nils Kanestrøm.
Og han har grunn til å ha høge forventningar. På nettsidene til Rikskonsertene finn vi følgjande omtale av bandet: ”Talentfulle, innovative og høyst kvalifiserte er Interactivo i ferd med å få rykte på seg for å være lyden av det nye Cuba. Bandet er en funky fusion av noen av Cubas hotteste unge musikere – rappere, DJs, låtskrivere, soneros og jazzistas med godt etablerte solokarrierer.”
I november skal dei spele både på Oslo World Music Festival og i Trondheim under Transform-festivalen. - I den anledning fekk vi først førespørjing via personar frå Transform om vi var interesserte i eit eiget arrangement, fortel høgskolelektor Grete Daling.
- Organiseringa skjer via Rikskonsertene, som planlegg eit omfattande turné- og skuleopplegg med bandet i februar neste år. Målet med workshopen vår er å gje studentane betre kjennskap til cubansk musikk, utvikle musikalske ferdigheiter, samspel og oppleving, samt innsikt i noko for mange nye musikalske strukturar, seier ei engasjert Daling.
Og det er ikkje utan grunn ho pratar ekstra varmt om det som skal skje. Ho har sjølv vore på Cuba mange gonger, og har dessutan hovudfag i cubansk musikk.
– Ja, eg har vore på Cuba åtte gonger, og budde der eit år frå 2008 til 2009. Då var eg hovudlærar på nyetableringa av Musikk 1 – Cuba, som var eit studium for norske og nordiske studentar på Cuba, kor alt innhaldet vart dreia mot cubansk musikk, dans, spel, historie, språk og så bortetter.
Besøket ved HiNT inngår som ein del av høgskolens samarbeidsavtale med Rikskonsertene, som går fram til 2014.
– Avtalen omfattar mellom anna at vi skal ha to store samarbeidsprosjekt kvart studieår, fortel studieleiar Rolf Diesen. - Rikskonsertene er landets viktigaste formidlar av levende musikk, og er gjennom det ein viktig samarbeidspartner for oss, seier Diesen.
Turnéansvarleg Carsten Jøssund i Rikskonsertene er heller ikkje redd for å leggje lista ekstra høgt når det kjem til å gje ein omtale av bandet.
- Interactivo er fast bestemt på å flytte dei musikalske grensene på Cuba. Dei miksar cubansk takt og tone med alt frå funk, jazz og soul, til rock og hip hop. Regelbrytarar og risikosøkjarar er dei alle saman, med stor musikalsk innsikt, sterke stemmer og masse karisma. Dette er Havana clubbing på sitt aller beste, fortel Jøssund.
PS Tysdag 2.november klokka 20.00 vert det konsert med Interactivo i aulaen ved Levanger videregående skole, i regi av Levanger Jazzklubb.