23.11.2011
- Det er rart men godt å vere student på heiltid igjen, seier Marianne Sandaker, og takker klassekamerat Rune Rodahl og dei andre medstudentane for all støtta ho har fått undervegs mot seier i Skal vi danse (foto: Bjørnar Leknes).
Parkett og paljettar er bytta ut med pensum og pedalar. Marianne Sandaker er endelig kome ut av Skal vi danse-bobla og tilbake på skolebenken.
Av Bjørnar Olav Leknes <bjornar.leknesSPAMFILTER@hint.no>
Synast du studentlivet kan vere tøft og krevjande? Ikkje sei det til Marianne Sandaker. Trafikklærarstudenten har i heile haust kombinert studiane med intens dansetrening og tv-show. No er ho tilbake i kvardagen ved HiNT i Stjørdal.
- Det kjennest ut som eg har levd i ei boble som brått har sprukke, seier Marianne Sandaker, som saman med Atle Pettersen nylig gjekk heilt til topps i TV2s populære danseprogram.
23-åringen frå Hobøl er like blid og sprudlande bak kamera som framfor, og lyser framleis av naturlig energi og entusiasme, sjølv om danseeventyret no er over, for denne gong.
- Tida både under og etter Skal vi danse har vore kjempefin, og er har vorte møtt med kaker, smil og gratulasjonar her ved høgskolen. Klassekameratane og lærarane har tatt utruleg godt vare på meg og lagt forholda til rette. Miljøet her er heilt topp, smilar ho, og verkar forbausande truverdig når vi spør om ho no er à jour med dei andre.
- Ja, eg er faktisk snart heilt à jour med pensum, og vegleiaren min seier at det ser bra ut. Eg ligg sjølvsagt noko bak dei
andre i tal på kjøretimar, men eg har lese og studert masse samtidig med all dansinga, sjølv om det har vore veldig tøft og krevjande til tider, spesielt mentalt.
Ei kjelde til inspirasjon
Og vegleiar Hilde Kjelsrud ved trafikklærarutdanninga let seg imponera av sin flittige student.
– Det har utvilsamt vore tøft for henne, men gjennom si lange karriere som dansar er ho kjent med og har god forståing for at trening gjer god, noko ho haustar fruktane av no. Ho er veldig engasjert og motivert for å ta igjen det ho har gått glipp av, seier Kjelsrud.
– Det mest spesielle med Marianne er likevel at ho er eit utruleg positivt menneske som inspirerar folk rundt seg, men som og er audmjuk og tek til seg mykje nyttig lærdom av dei andre. Ho har heile vegen oppretthalde kontakten med klassen, noko medstudentane har vist å setje pris på.
Dansar vidare med Atle
Men sjølv om ho no på ny er heiltidsstudent, legg ho ikkje vekk sitt livs store lidenskap veldig lenge. Invitasjonane strøymer nemleg på frå alle hold til det populære danseparet.
– Atle og eg får ein del tilbod om å delta på events og julebord, og vi seier ja til det meste. Atle har og leika med tanken på å leggje inn nokre danseshow på konsertane sine, noko som hadde vore veldig moro. I tillegg skal vi ha eit show for ein stor disco freestyle konkurranse i Oslo.
Og skulle du tilfeldigvis møte Marianne på byen, på julebord eller ved eit anna høve kor det er musikk i bakgrunn, må du ikkje vere redd for å by ho opp til ein svingom.
- Nei for all del! Folk seier ofte til meg at dei ikkje tør å danse med meg, men eg bit ikkje, og dansing er jo bare gøy, ler Marianne Sandaker.