Nyheter

Få ein flying start på året med Venture Cup

Få ein flying start på året med Venture Cup

Bli med på årets Kick-off for Venture Cup - 23.januar i Trondheim, og få ei unik erfaring for livet, med masse show, moro, liv, latter og læring! (foto: Venture Cup Midt-Norge).

Studentar som har tatt del i Venture Cup fortel ofte at dei opplever ei enorm personleg utvikling. 23.januar inviterast du til gratis Kick-off i Trondheim. Grip sjansen!

- Eg deltok på Kick-off i fjor, og det var ei skikkelig god oppleving. Det fortel Lidia Kritskaya, som studerar økonomi ved Høgskolen i Nord-Trøndelag, og som skal delta på ny i år.

Sigrid Bonde Tusvik

Sigrid Bonde Tusvik leia Venture Cup si Kick-off i 2012 (foto: Venture Cup Norge).

- Det var ei veldig god erfaring for meg. Du treff veldig mange andre, lærar masse og får ein solid dose inspirasjon, seier ho.

Størst i Norden

Venture Cup er ein forretningsplankonkurranse for studentar som har vore nytta i fleire land i Europa, og som har vore i Noreg sidan 1999.

Venture Cup er Nordens største i sitt slag, og har som formål å være ein pådrivar for nyskaping gjennom marknadsføring og kunnskapsformidling av entreprenørskap.

Gratis Kick-off

Clarion Hotel & Congress

Årets Kick-off er lagt til Clarion Hotel & Congress i Trondheim.

23.januar inviterast du og dine medstudentar til gratis Kick-off i Trondheim, med show, engasjerande føredragshaldarar, gründarar og forretningsfolk.

- Dette er ein unik moglegheit, kor du vert inspirert og gjerne får høgare ambisjonar rundt kva du sjølv skal prestere, fortel høgskolelektor Britt Paula Mørkved ved HiNT.

– Du lærar og veldig mykje om sjølve prosessen, seier ho.

HiNT har eit tett samarbeid med Kunnskapsparken i Nord-Trøndelag rundt arbeidet med Venture Cup, og prosjektleiar Bjørn Bratt er tydeleg på at dette er eit unikt tilbod til alle studentar uansett utdanning.

Liv og latter

- Venture Cup er for alle, og gir eit godt fagleg fundament i det å utvikle ny verksemd. Du treng heller ikkje ha ein eigen forretningsidé for å delta. Bli med på Kick-off og sjå sjølv. Vi garanterar masse moro, liv og latter, seier Bratt.

Det finst mange andre aktørar som jobbar for å stimulere til nyskaping, men Venture Cup har ein unik posisjon: Venture Cup krev ikkje eigarinteresser i selskap som startar opp, men tilbyr og vidareformidlar uforpliktande kontaktar med andre ressurspersonar som kan gjera idear til lønnsame verksemder.

Solide premiar

Venture Cup - vinnere

Glade VC-vinnarar frå HiNT i 2011: Lidia Kritskaya (til venstre), Kristin Grønningsæter Bekkhus (arrangør av karrieredagen ifjor) og Randi Berg (foto: privat).

Sidan Venture Cup er ein forretningsplankonkurranse, vankar det også solide premiar til dei beste. Liidia Kritskaya var blant dei som fekk med seg ein gåvesjekk i fjor.

- Ja, saman med Marte Helene Ostad vann vi ein pengepremie på ti tusen kroner. Det var kjempemoro og veldig inspirerande, seier Kritskaya, og anbefalar alle sine medstudentar om å bli med på årets Kick-off.

PS Å delta på Kick-off er gratis for alle HiNT-studentar. Høgskulen set opp gratis transport til og frå, og tilbyr dessutan solid oppfølging i etterkant med tilbod om førelesningar og workshops. Du kan også velge å ta Venture Cup som fag med 7,5 studiepoeng.