07.11.2011
Etter 24 år som slaktar, er Johan Thorsvik (til venstre) snart ferdig utdanna vernepleiar. Sonen Mats falt ikkje langt fra stammen... (foto: Bjørnar Leknes).
Etter å ha jobba ved slakteriet i heimbyen i 24 år, vart bedrifta brått lagt ned. Det vart starten på eit nytt og spanande eventyr for Johan Thorsvik.
Av Bjørnar Olav Leknes <bjornar.leknesSPAMFILTER@hint.no>
Johan Thorsvik har i nær heile sitt yrkesaktive liv vore slaktar, og trivst godt med det. Da Nortura vedtok å legge ned sitt slakteri i Namsos for få år sidan, medførte det at livet til 46-åringen tok ei heilt ny og uventa retning. Kontrasten til det som skulle komme var stor.
- Da slakteriet vart lagt ned, visste eg ikkje kva eg skulle ta meg til. Men på grunn av helsa mi, fekk eg innvilga omskolering, og vart i den samanheng råda til å prøve vernepleie. Det angrar eg ikkje på, seier 46 –åringen med eit smil.
Det gode rådet fekk han av ein nevø, som sjølv var godt i gang med å utdanne seg som vernepleiar ved Høgskolen i Nord-Trøndelag. Men å gå frå å vere slaktar til student, vart ein stor overgang.
- Då eg møtte som student var det 27 år sidan sist eg sat på skolebenken. Og gjennom 24 år som slaktar har det ikkje vore naudsynt for meg å lese eller studere i det heile. No måtte eg brått byrje å tenkje igjen, ler Thorsvik. – Og eg lyg ikkje når eg seier at det var tungt og vanskeleg ein periode, og at det tok nokre månader før det gjekk seg til.
Men at det var fleire i same båten, var ei stor støtte for ham. I same klasse var dei nemlig 8 personar i alderen 32-50 år, som alle av ulike grunnar måtte omskolera seg.
- Vi har vore til god hjelp for kvarandre, og det har vore viktig. No er eg godt i gang med tredje og siste studieår, og eg gleder meg stort til å komme i mål med utdanninga. Eg veit eg går til eit veldig fint yrke, kor eg kan jobbe til eg blir pensjonist. Og eg har allereie fått fleire jobbtilbod, fortel Thorsvik.
Og vernepleiaryrket er openbart noko som ligg godt for familien Thorsvik. I haust byrja nemlig og sonen til Johan på same utdanning ved HiNT i Namsos.
- Men det var ikkje på grunn av pappa at eg valde vernepleiarutdanninga, seier Mats Thorsvik. – Eg har jobba ved eit bufellesskap i byen sidan januar i år, og kjente at dette var både viktig og riktig for meg. Eg trivst med å jobbe med slike menneske. Samtidig er det jo litt rart å være på same arena som far min, men det skal nok gå bra, smiler 21-åringen.
- Du skal få låne bøkene mine, men oppgåvene eg har skrive får du ikkje, ler slaktarveteranen, letta over den nye retninga som livet hans har tatt. – Det er aldri for seint, seier Johan Thorsvik.