søk
Du er her Du er her: forsida/   Aktuelt / Nyheter / Fullklaff - vi møtte fire bjørnar!
 

Nyheter

Fullklaff - vi møtte fire bjørnar!

13.05.2011


Desse bjørnane tusla over vegen berre nokre få meter framfor utmarksstudentane som var på utferd i emnet rovedyrforvaltning (foto: Martin Andersen, HiNT-student). )

Desse bjørnane tusla over vegen berre nokre få meter framfor utmarksstudentane som var på utferd i emnet rovedyrforvaltning (foto: Martin Andersen, HiNT-student).

- Vi såg fire bjørnar! Det var ei binne med tre ungar som tusla framfor oss på vegen, fortel ein oppglødd student Hans Ola Jordet.

Av Marit Hoven <marit.hovenSPAMFILTER@hint.no>

- Det kan ikkje ha vori meir enn 30 meter mellom oss og bjørnane! Heldigvis var eg og nokre av dei andre studentane på plass inne i bussen da dei fire bamsane byksa fram på vegen, fortel Jordet. Dermed kunne vi til ein viss grad studere bjørnane i fred og ro.

Hans Ola Jordet går første studieår ved bachelorstudiet Utmarksforvaltning ved Høgskolen i Nord-Trøndelag. Mange av dei 35 studentane som følgjer emnet Rovdyrforvaltning (NAT110) fikk maksimal utteljing da dei var på utferd til Jämtland 4. - 6. mai, seier førstelektor Pål Moa, som er ansvarleg for kurset.

Bjørneforsking i tre tiår

Bjørneobservasjon i Jämtland Hans Ola Jordet og Tor Kvam

Student Hans Ola Jordet og studieleiar Tor Kvam visar her korleis eit bjørnekranium ser ut (foto: Marit Hoven).

Studentane og lærarane hadde teke seg til Bågede som ligg i Strömsunds kommun, om lag ein times kjøring øst for Gäddede.

- Vi har gjort forsking på bjørn i dette området sidan 1980, seier studieleiar Tor Kvam, han tar også like godt oppgåva som bussjåfør når studentane skal på tur. Saman har han og førsteamanuensis Ole Jakob Sørensen drivi kartlegging av bjørnestammen i Nord-Trøndelag og i Jämtland i tre tiår.

- Det er derfor ikkje på slump at vi har valt ut dette området når vi ynskjer at studentane skal få best mogleg sjanse til å sjå desse rovdyra, seier Kvam.

Med skjelvande kameraføring

- Bjørnane kom gåande på vegen i retning mot oss i bussen. Gjett om det ble liv! Vi lirka fram mobilane våre og filma med så stødig hand som vi klarte å ha under slike høve, fortel Jordet.

- Når binna etter kvart merka lydar frå bussen, det var trass alt ikkje så lett å vera heilt stille, valte ho i lugn og ro å ta ungane med seg i bjørkeskogen. Men vi fikk sett dei ei god stund, understrekar Hans Ola Jordet, som også har stor interesse for fuglar og fiske.

– Neste år må vi nok ha to bussar for å få med alle interesserte smiler studieleiar Kvam, for da blir det enda fleire som vil følje kurset.

- Ja, snakk om fullklaff! seier Hans Ola Jordet. – Eg har aldri sett bjørn i naturen tidligare, så dette var ei veldig spesiell oppleving.

 
 
Postadresse:

Høgskolen i Nord-Trøndelag
Postboks 2501
NO-7729 STEINKJER
t (+47) 74 11 20 00
p postmottak@hint.no
Org.nr. 971 575 905