30.06.2010
Hilde Kjersem har god grunn til å smile. Gardsjenta har eit vitnemål med 14 A-ar og 6 B-ar (foto: privat).
Nokre kan ta sumarferie med betre samvit enn andre. Som HiNT-student Hilde A. Kjersem til dømes, som fekk heile 14 A`ar på vitnemålet…
Av Bjørnar Leknes <bjornar.leknesSPAMFILTER@hint.no>
Hilde Asbølmo Kjersem er 23 år gamal, og kjem frå Fræna i Møre og Romsdal. Nyleg fullførte ho sin bachelor i husdyrfag – velferd og produksjon ved Høgskolen i Nord-Trøndelag. Og det med bravur!
- Eg er utroleg nøgd, men kall meg ikkje geni eller eksepsjonell, seier Hilde. - Eg er ei heilt vanleg jente, som berre er veldig interessert i det eg driv på med, seier ho audmjukt.
Nå ja, vanleg og vanleg, fru Blom. Då vi bad hennar vegleiar ved HiNT gje oss ei beskriving av ho, fekk vi høyre ord som ”svært seriøs, ambisiøs og hardt arbeidande”, men og ”særs likandes og positiv”.
Og vitnemålet talar for seg. Hilde fekk heile 14 toppkarakterar, medan dei siste seks vart B. Slettes ikkje å forakta det heller. – Eg har hatt veldig flinke forelesarar og har fått vore ein del av eit utruleg godt studentmiljø. Det betyr mykje, seier ho. – Miljøet ved HiNT er lite og tett, og gjer at du får god kontakt med lærarane. Studiet er dessutan veldig praktisk retta, noko som og bidreg til at det vert lettare å engasjere seg i det, seier gardsjenta på telefon til hint.no.
I bakgrunnen kan vi høyre kyrne raute og traktoren ture. – Her er vi midt i slåtten, seier ho og ler, og innrømmar at det ikkje er mykje tid til å kvila på laurbæra. – I sumar skal eg jobba på heimgarden. Kva eg gjer til hausten veit eg ikkje enno, men eg har søkt på master på Ås, samt nokre rådgjevarstillingar i landbruket, seier ho.
Men noko feiring har du vel fått tid til?
– Jau da, noko feiring har det da blitt. Då fagveteran Lasse Gravås ved HiNT vart takka av i Steinkjer for kort tid sidan, fekk vi studentane bli med på deler av avslutningsfesten. Deretter hadde vi ei eiga samling utover kvelden og natta, så det vart ei bra feiring, seier Hilde, som kjem til å oppretthalde kontakten med mange av sine medstudentar og i tida framover.
hint.no ønskjer Hilde og alle andre ein riktig god sumar!