søk
Du er her Du er her: forsida/   Aktuelt / Nyheter / Imponert over Stortingspresidenten
 

Nyheter

Imponert over Stortingspresidenten

26.10.2011


Imponert over Stortingspresidenten

Vernepleiarstudentane Hermann Schmiemann frå Malvik og Gry Austmo Langlid frå Steinkjer satte stor pris på å få møte Stortingspresidenten etter førelesninga ved HiNT i Namsos (foto: Bjørnar Leknes).

Vernepleiarstudentane Gry Austmo Langlid og Hermann Schmiemann fekk ein kickstart på jusoppgåva si; ei førelesning om ”Den norske modellen” med Stortingspresident Dag Terje Andersen.

Av Bjørnar Olav Leknes <bjornar.leknesSPAMFILTER@hint.no>

Tidligare i år sa Stortingspresident Dag Terje Andersen at det var viktig for han å kome ut for å snakke med folk om korleis vedtaka Stortinget fattar verkar rundt om i landet. Han lanserte derfor ei ny praksis med å besøke fylka, og i går stod Namsos og Høgskolen i Nord-Trøndelag for tur.

Poplær gjesteførelesar

Her vart han ønska velkomen av Nord-Trøndelag Fylkeskommune, Namsos kommune, Høgskolen i Nord-Trøndelag og Fylkesmannen i Nord-Trøndelag. Møte med folkevalde og næringsliv sto på programmet, men Stortingspresidenten tok seg også tid til å holde ei ope førelesning om ”Den norske modellen”.

To av studentane som hadde møtt opp på førelesninga var Gry Austmo Langlid og Hermann Schmiemann. Begge studerer vernepleie og starta ved HiNT no i haust. Dei let seg begeistre av møtet med Stortingspresidenten.

- Først og fremst var dette veldig relevant for oss, sidan vi akkurat no skriv på ei jusoppgåve. Det var mykje derfor vi kom, for å få hjelp til betre å forstå korleis samfunnet vårt fungerer, fortel Langlid.

- Presidenten ga oss nye perspektiv

Saman med ordførarar frå heile fylket, representantar frå den nordtrønderske stortingsbenken, politimeisteren i Nord-Trøndelag, fylkespolitikarar og HiNT-leiinga, let dei seg imponera over Stortingspresidentens formidlingsevne.

- Han er utruleg kunnskapsrik og veldig flink til å formidle. Han forklarte alt på ein forståeleg måte, og ga oss perspektiv på ting, seier Hermann Schmiemann.

Gry Austmo Langlid er heilt einig. – Eg er eigentleg ikkje opptatt av politikk, men no ser eg at ting ikkje er slik som eg har trudd. Dette var veldig nyttig og lærerikt. Samstundes er det godt å sjå at han bryr seg såpass om oss i helsesektoren og at han kjem hit og pratar med oss. Det var veldig hyggeleg å få helse på ham, smiler Langlid.

 
 
Postadresse:

Høgskolen i Nord-Trøndelag
Postboks 2501
NO-7729 STEINKJER
t (+47) 74 11 20 00
p postmottak@hint.no
Org.nr. 971 575 905