13.06.2010
- Vi elsker Norge, seier frå venstre Chelsea Harings, Kelly Zimmermann (med russekort), Jennea Jerdee, Tyler Herzog og Michael Griep (foto: Bjørnar Leknes)
HiNT har nyleg hatt besøk av 17 utvekslingsstudentar frå USA. Og i løpet av 17 dagar opplevde dei meir av Noreg enn mange nordmenn gjer i løpet av ein mannsalder.
Av Bjørnar Leknes <bjornar.leknesSPAMFILTER@hint.no>
Som ein del av si aukande satsing på internasjonalisering, har Høgskolen i Nord-Trøndelag samarbeid med ei rekkje utdanningsinstitusjonar over heile verda, deriblant University of Minnesota. Annakvart år er dei vertskap for utvekslingsopphald hjå kvarandre, og i år var det amerikanarane sin tur til å vitja Noreg og HiNT, med emnet Natural and cultural history of Norway.
Og betre start kunne dei knappast ha fått. Dei landa i Noreg akkurat i tide til å få med seg nasjonaldagen, noko som gjorde sterkt inntrykk. – Heilt fantastisk, seier Kelly Zimmermann, som og vart fascinera av hysteriet rundt russen og russekorta. – Men det flottaste var å sjå på alle dei nydelege og glade borna som gjekk i tog, seier ho. - I USA er 4.juli meir ein dag for familien, medan i Noreg er jo alle samla til fest og feiring, seier ho.
Prosjektkoordinator ved HiNT, Tor Kristian Spidsø, fortel at utvekslingsopphalda vert stadig meir populære. - 17 studentar er ny rekord, og studentane betalar attpåtil alt sjølv, seier han. Bill Ganzlin ved University of Minnesota er leiar for det amerikanske utvekslingsprogrammet, og kan ikkje få rost nok av det norske opplegget. – Vi nyttar HiNT-modellen som ein mal for alle våre studentutvekslingsprogram, seier han. – Kvaliteten på programmet er eineståande, med spanande ekskursjonar og høg grad av variasjon. Studentane er frå seg av begeistring, seier han.
I løpet av den nær halve månaden har dei fått grundig innføring i både norsk historie, geologi, næringsliv og geografi, for å nemne noko.
Dei har mellom anna besøkt Tautra, Flatanger, Dovrefjell nasjonalpark, Runde, Ålesund og Røros, men og fått tid til å reise på eigenhand.
– Eg har vore i Korgen og fått helsa på slekta mi for aller fyrste gong, fortel Tyler Herzog. Han er ein av fleire i gruppa som har sine røter i Noreg. – Eg fekk ei fantastisk helg saman med dei, og fekk sjå både gravplassen og fødestaden til min oldefar. Det var både sterkt og mektig, seier han, og legg til at han no føler seg mykje nærare røtene sine.
Det blei mange turar i skog, mark og fjell i løpet av opphaldet, og noko av det som overraska dei aller mest, var å sjå kor mange nordmenn som var ute og gjekk tur. – Vi møtte så mange spreke og venlege folk uansett kor vi gjekk, og vart imponert over kor lett dei tok seg fram i fjella, seier Michael Griep. Chelsea Harings legg til at ho dessutan vart sjokkert over at ho vart solbrent medan ho var her. – Det trudde eg ikkje var mogeleg, ler ho.
Sjølv om dei har opplevd svært mykje i løpet av opphaldet, er studentane tydelege på at dei vil tilbake til Noreg. – Vi føler at vi berre har skumma overflata, og vil sjå meir, seier Jennea Jerdee