søk
Du er her Du er her: forsida/   Studietilbud
 

Kulturelt mangfald og læring

Kulturelt mangfald og læring

Studiet er utvikla for profesjonsutøvarar som i arbeidet sitt møter tverrkulturelle utfordringar. Studiet er aktuelt for tilsette i barnehagar, skole, vaksenopplæring, asylmottak og andre som arbeider med opplæring av personar med anna morsmål enn norsk.

Om studiet

Studiet er sett saman av to modular à 15 studiepoeng kvar:

  • Kultur og læring 1 (Modul 1 vart gjennomført vårsemesteret 2012, og kan bli sett igong seinare.)
  • Kultur og læring 2
    Opptak til modul 1 gjev automatisk opptak på modul 2. Det er mogeleg å søkje modulane 2, utan å ha gjennomført modul 1.
    Studentane skal etter endt studium ha tileigna seg kunnskap om:
  • det fleirkulturelle Noreg
  • ulike religionar og livssyn
  • fleirspråklegheit
  • korleis det er å vekse opp med røter i fleire kulturar
  • likskap og ulikskap på tvers av alder, kjønn og etnisitet

    Modul 2 er samlingsbasert og vil gå over eitt semester med fire to dagars samlingar. Kvar to dagars samling vil ha om lag 15 undervisningstimar og veksle mellom førelesning, gruppearbeid og drøfting. Fronter er brukt som nettbasert læringsrom.

    I studiegjennomføringa vil det mellom anna bli knytt praktiske utprøvingsprosjekt til arbeidsstaden/interessefeltet til den enkelte student.



    Dette kan du bli

    Gjennom ei dialogbasert undervisning er det eit mål at studentane får vidareutvikla ein tverrkulturell yrkespraksis.

    Etter fullført og bestått studium skal studentane kunne:

  • planleggje, gjennomføre og vurdere opplæring av personar med anna morsmål enn norsk
  • drive haldningsskapande arbeid mellom norskspråklege og minoritetsspråklege
  • organisere og drive samarbeid mellom ulike aktørar i opplæringa av minoritetsspråklege
  • vurdere læremiddel og organisering av opplæring av minoritetsspråklege

    Andre opplysninger

    Samlingane er på HINT, Levanger
    Måndagar: kl 10.00-18.00
    Tysdagar: kl: 09.00-16.00

    Dato for samlingar, modul 2 er:

    Haust 2012
    Veke 35: 27. og 28. august
    Veke 39: 24. og 25. september
    Veke 44: 29. og 30. oktober
    Veke 47: 19. og 20. november

    Studiet vert sett i gong under føresetnad av at det vert nok søkjarar.

  • Fagområder

    Yrke

    Studiets type

    Studiested

       

    HiNT tilbyr også videreutdanning i samarbeid med Folkeuniversitetet og Utdanningsdirektoratet.

    Huskeliste

     
     
     
    Postadresse:

    Høgskolen i Nord-Trøndelag
    Postboks 2501
    NO-7729 STEINKJER
    t (+47) 74 11 20 00
    p postmottak@hint.no
    Org.nr. 971 575 905