Du er her: forsida/
Studietilbud
/
Teaterutdanning
/
Aktuelt
/
Godt nøgde med gjennomført filmperiode
19.02.2010
Filmprosjektet vart sparka i gang med tre studentproduserte visningar i november, som hadde dødssyndene grådigheit, forfengelegheit og fråtsing som tema. Dei tre visningsgruppene vart knytte til kvar sin regissør og manusforfattar, og straks starta prosessen med å utveksle idèar og inntrykk. Gjennom to veker med improvisasjon og samtale rundt tema og karakterar, vart det lagd fram manusutkast, og i januar låg tre ferdige manus på bordet.
Då manusa var klare, gjekk gruppene i gang med å forbereie innspeling. Ei innspeling foregjekk på ei hotellsuite i Trondheim, ei anna på eit sommarhus på Børøya, og ei siste i ein verkstadhall i Verdal.
Etter hektiske innspelingsdagar, sit regissørane att med mengder av filmmateriale, som etter kvart skal klippast til tre filmar på 7-15 min. Arbeidstitlane til dei tre filmane er: ”Sommerhuset” (regi: Mali Finborud Nøren, manus: Lowri Rees), ”Verditransporten” (regi: Janna Brattli, manus: samarbeid mellom regissør og skodespelarar) og ”Funny Money” (regi: Carsten Fromberg, manus: Bjørn Erik Hansen/Carsten Fromberg) .
Studentane ved skodespelarutdanninga har tidlegare hatt ei to vekers innføring i skodespel for film, men dette er den første tilnærma profesjonelle filmproduksjonen dei er med på i samband med utdanninga. Og ei erfaring som denne, er fin å ha med seg, i følge Per Emil Grimstad, student i 3.klasse: ”Det var svært spennande å vere med på ein profesjonell filmproduksjon som denne, og vi fekk grundige innblikk i fleire sider ved produksjonen. Samarbeidet mellom skodespelarstudentane og regissørarane/manusforfattarane opna særskilt for at studentane kunne kome med idèar og presentere ulike spelestilar som vi arbeider med i løpet av utdanninga. Slik sett vart det eit gjensidig læringsforhold mellom studentar og regissørar/manusforfattarar..”
Gjennom samarbeidsprosjektet fekk regissørar og manusforfattarar muligheit til å jobbe med eit breiare spekter av karakterar enn ein vanlegvis møter i norsk filmproduksjon. Og noko av det dei inviterte regissørane og manusforfattarane sette mest pris på, var nettopp innblikket dei fekk i dei forskjellige spelestilane studentane i sitt tredje studieår beherskar. Kanskje kan prosjekt som dette gi ei mulegheit til å finne nye infallsvinklar til fiksjonsfilm og karakterarbeid, og vere med på å bringe norsk film vidare, til å ta fleire sjansar innan formspråk?