16.02.2010
Det nærmar seg jul og det første semesteret ved skodespelarutdanninga skal rundast av.
Hausten har bydd på utfordringar som har krevd både engasjement og intens konsentrasjon, noko som har resultert i eit variert arbeid. Andreklassen har heldt fram sitt arbeid med å danne
eit kreativt ensemble, og har samtidig hatt fokus på å utvikle studentane sine individuelle eigenartar.
Dette har dei gjort ved å boltre seg innanfor ulike stilartar som Melodrama/Realistisk teater, Tragedie og Narrens univers. Dei har fordjupa seg i musikalsk og tekstleg arbeid, både i samanheng med stilperiodane og i enkeltståande prosjekt.
Førsteklassen har på si side arbeida med tema som musikalitet, bevegelse, stemme og improvisasjon, og gått inn i undersøkingar av bl.a. element, materialer og dyr. Dei har fått kjenne på impulsar, våga å bruke intuisjonen og slik fått oppdage kroppens disponibilitet.
Vi har noko på hjartet og eit kreativt arbeid som vi ønskjer å dele. For oss kan menneskes intensjonar, viktige augneblink og interessante historier forteljast på mange ulike måtar. Ofte står ikkje det vi vil uttrykke skrive med ord, men det er der likevel, rett framføre oss. Vi finn det mellom linjene. Vi ønskjer velkomen til dette semesterets visning!
Tindved Kulturhage
Onsdag 16.12 kl.19:00
Gratis Inngang